Pilegrimsvandringar i Setesdal og på Haukelifjell

Det er planlagt pilegrimsvandring mellom kyrkjene i øvre del av Setesdal i sommar. I tillegg arrangerast det vandring over Haukelifjell for menn som har mista nokon av sine kjære ved sjølvmord

Frå pilegrimsvandring over Haukeli for nokre år sidan i regi av prostidiakonen i Vest-Telemark

Det er prostidiakonane i øvre og nedre del av Otredal (Setesdalen og Vennesla) som står bak planane om ei pilegrimsvandring over fire somrar som skal vitje alle kyrkjene i i prostiet.  Planen er å gjennomføre første etappa av denne fireårige pilegrimsferda frå 27. til 30. august i år med start i Fjellgardane kyrkje på Hovden og mål i Austd kyrkje i Bygland. 

I tillegg til diakonane stiller mange frivillige opp, blant anna  sokneråd, bygdekvinnelag og diakoniutval. På vandringa i sommar vert det tre overnattingar, og den lokale kyrkjelyden står for servering av frukost og middag.

Det er nesten 200 kilometer frå Fjellgardane kyrkje der starten går i sommar til Vennesla kirke der pilegrimane etter planen skal vandre inn i ei nesten heilt ny kyrkje i 2024. Prostidiakon Helga Victoria Aas Johnsen fortel at den lange vandringa vil ta nokre avstikkarar innimellom, til dømes til Åseral. På nokre strekk vert det naudsynt med biltransport.

Spørsmål om turen kan rettast til prostidiakon Per Emanuelsen (tlf. 977 19 173) eller til Helga Victoria Aas Johnsen (tlf: 992 30 189).

Påmelding innen 23. juni via epost til: helga.johnsen@kirkebakken.no

 

Å VANDRE SORGA MINDRE
Fyrste helga i september ( 4.-5.sept) er  menn som er mista nokon av sine kjære ved sjølvmord, invitera til ei pilegrimsvandring over Haukelifjell til Røldal. Prosjektet er kalla "Vandring for forandring" og handlar om gå med andre som har likande røynsler. Fysisk aktivitet og gode samtaler under vegs kan vera med på å lindre sorga. Dei seinare åra har styresmakter og fagmiljø oppdaga at etterlatne menn kan vera ei ekstra sårbar gruppe.

-Å ta sitt eige liv er eit av våre siste tabu. Ei pilegrimsvandring handlar om å legge frå seg det som tynger. Om det skjer på ei slik vandringa, kan ein berre vone. Men det er sikkert at det er god von i å dele tankar med kvarandre, seier Eilev Erikstein, prostidiakon i Vest-Telemark og ein av initiativtakarane til vandringa.

Vandringa er eit samarbeid mellom  RVTS Sør, Agder og Telemark bispedøme, LEVE Vestfold og Telemark  og Prostidiakonen.

 

 

Lenke til Å vandre sorga mindre:

 

https://open.spotify.com/episode/4d0i7iSUpMwBr2A5875scy

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"